19 november 2026 -

Stad: Espeland fangeleir

Tid: 18.30 – 21.00

Meir informasjon: Facebook

Skogselskapet i Bergen og Hordaland inviterer til møte om områdeplan i skogbruket. Møte vert gjennomført i samarbeid med FramTre, med støtte frå Statsforvaltaren i Vestland. Møte er ope for alle som vil læra meir om prosessane i samband med planlegging av hogst.

FanAgro har i områda Langedalen – Kvamme utarbeidd ein områdeplan for å koordinere skogforvaltninga. Under møte vert skogressursane i området løfta fram og forslag til infrastruktur og driftsløysingar vert presentert. Dei økonomiske aspekta i prosjektet vert belyst med forslag til «vegen vidare». Gode tips til søknader og aktuelle støtteordningar. Ove Frotvedt og Atle Almeland er ansvarleg for programmet.

Kjell A Svennevik frå FramTre skal halde innlegg om skogbruksplan. Dette er eit nødvendig verktøy for planlegginga av hogst og skogkultur.

Vel møtt!