17 november 2026 -

Stad: Ullensvang fruktlager, Lofthus

Tid: 18 – 20

Skogselskapet i Bergen og Hordaland inviterer til møte om skogkultur. Møte vert gjennomført i samarbeid med FramTre, med støtte frå Statsforvaltaren i Vestland og Ullensvang kommune.

Hovudtema for kvelden er «planlegging av hogst».

Rolf Erling Loe frå Skogkurs og Atle Almeland frå Skogselskapet Bergen og Hordaland deltek denne kvelden. Dei kjem mellom anna til å snakke om ulike investeringar i samband med hogst, riktig bruk av skogfond og vidare oppfølging av hogstfelt. Ein representant frå FramTre vil delta denne kvelden. Det vil vera mogleg å stille spørsmål til alle tre undervegs eller i etterkant av møte.

Meir informasjon: Facebook